Vårteikn i bygda og vinter i påskefjella

I bygda kan me sjå tegn til at vinteren slepp taket.

Sola er attende på tunet og isen smeltar i foss og berg.

Akkurat i dag ser me kanskje ikkje så mykje til det, men lysare tider er på veg!

Etterjulsvinteren er tida for evaluering og utvikling av nye produkt her i Haugen, men når påsken nærmar seg, er ein ny sesong i gong.

I vinter har me halde fokus på pølser, både ferske og spekte, i tillegg til nokre nye variantar spekemat av frittgåande gris. Fyl med i neste bolken 😊

Reiselivet vaknar no til liv igjen, og nye menyar skal settast opp både her og der.

Me er takksame for at mange let oss få spela inn når produkt skal veljast.

Stadig fleire kokkar og kjøkkensjefar skjønar at dersom ein tek utgangspunkt i kva lokalmat-produsentane faktisk kan levera på, og presumtivt er best på, for så å nytta eigen kompetanse til å få produkta til å fungera i ferdige rettar, så kan ein i mykje større grad få det beste ut av lokale råvarer. Til beste for både verksemda og gjestene.

Å faktisk få smaka på områda du reiser gjennom set alle pris på!

No på våren er det Kjè som gjeld for vår del, i tillegg til Grillprodukt.

Aurland kommune har geita i kommunevåpenet. Me har seks (!) ysteri i ein kommune med knappe 2000 innbygjerar, så då seier det seg sjølv at Kjè må stå i fokus her hjå oss.

Kanskje er kjøt av kjè som berre har vore melkefora, den finaste råvara me produserer her til lands? Vare fine smakar som kan få stå for seg sjølv, men som samtidig kan krydrast i alle retningar ein kan tenkja seg…….

Kjè er for alle, tenkjer me, og høver veldig godt no til påske.
(Så har me sjølvsagt lam for alle tradisjonalistar 😊)

Tradisjonen tru vert det påskemarknad i Bergen i morgon på Palmelaurdag

De vil møte Jon og Harald på Fisketorget, og dei har med seg mykje godt til komande helgedagar. Me har med fersk kje; både bog, lår og rullade. (Rulladen er ytrefilet rulla inn i si eiga side, lett krydra med ramsløk, salt og pepar, «brina» med sider frå Lærdal og kjøyrt sousvide- klar til å få fin steikeskorpe under oppvarming. Lurt å bruka høg varme i omn, eller grilla på direkte varme)

Av lam har me med steik, samt skankar som er super å setje i omnen før skitur eller anna aktivitet.

Entrecote av storfè er og med.

Til ein kjapp lunsj eller middag i både bygd og by har me dei ferdige rettane våre; Sognalapskaus og dei tre nye grytene våre som meir er inspirert av det store utland; Chili con Carne, Gangnamswein og The Hatefull Geit 😊

Av spekemat vil de finne fenalår, og krydderbiff.

-og kven set ikkje pris på litt godt bacon?

Vonar mange har høve til å koma innom boden vår på Fisketorget i Morgon 😊

Me ynskjer alle fine helgedagar og set etter kvart nasen til fjells

Der me trivs umåteleg både på stølen og blant familie og vener i andre delar av fjellheimen

God påske alle saman!

Med von om smakelege opplevingar…
Kristine, Odd og resten av storfamilien i Haugen

Cart (0)